About

Posts by :

Torgdag i Bergen på laurdag

Solfinn 10092007Forrige helg var det Bondens marknad i Oslo, komande laurdag er det i Bergen. I tillegg til at det er vanleg Bondens marknad er det også Torgdagen i Bergen, eit årleg arrangement som skapar liv i byen. Det er mykje båtar, utstillingar og anna underhaldning i byen denne dagen. Torgdagen varar frå kl 11 til kl 16.

 

Travle dagar

er det her hos oss. Is vert laga og sendt ut frå fryselageret like fort. Dette er jo ein drøymesituasjon for ein liten matprodusent, men veka skulle gjerne hatt ein ekstra dag og to. Difor vert det ikkje tid til å skrive så mykje her som me eigentleg hadde tenkt, i morgon er det ny is på gang og i helga vert det Oslo-tur for å vere med på marknad. Følg oss på Facebook for å få med deg det aller nyaste!Varmen har gjort at me endeleg fekk ånden over oss til å ta eit tak i hagen, og denne veka har me også fått ein liten flokk med nye kyllinger i hønsehuset.

hageaerbeid_2_270513

hageaerbeid270113

kylling2

kylling1

kylling3