Isrosa økologisk is er ei lita familiebedrift dreven av Una Kolle og Øystein Skjæveland. I 2006 flytta me til eit lite småbruk i Herøysund, Kvinnherad. Her har me etablert oss med foredlingslokale og ein liten flokk med husdyr. Me valgte å starte opp med mjølkeproduksjon i liten skala for å sikre at isen alltid vert laga med ferske råvarer. Hagebruket vert stadig utvida og planane er mange og store. Fram til no har me klart å vere sjølvforsynt med rabarbra. Anna frukt og bær har me måtte kjøpe inn, men me prøver å handle lokalt så godt det er mogeleg.