Isrosa er varemerket for økologisk iskrem og fruktis, laga av verksemda Norsk økois. Isrosa-is får du kjøpt på marknader, torgdagar og festivalar, for det meste i sommarhalvåret. Du får også kjøpa isen i ein del butikkar, cafear og restauranter rundt i landet. Me leverer is i beger på 750 ml, og 125 ml.

Kva vil det seia at isen er økologisk? At råvarene til isen kjem frå økologisk landbruk. Det gjeld både mjølk, fløyte, egg, sukker, frukt og bær, sjokolade, kakao, krydder m.m.

Me driv for tida med ferdigstilling av den nye driftsbygningen og produksjonslokalet til isen på garden vår i Herøysundet. Me har no flytta inn i dei nye lokala, og håpar snart å kunne levere is til fleire butikkar. Vil du ha Isrosa i din butikk eller restaurant? Klikk her for å komma i kontakt med oss.