Det finst to hovudtypar Isrosa-is: iskrem laga med mjølk, fløyte og egg (mjølkeis) og fruktis laga med frukt og bær, utan mjølkeprodukt eller egg Innanfor desse hovudtypane har me mange ulike smakar.

Det kan ymsa litt etter kva råvarer me får tak i. Me prøver gjerne ut nye smakar på torgdagar og marknader, difor kan du ofte finna fleire smakar her enn dei me har i butikkane.

Mjølkeis: sjokolade, vanilje, sjokobanan, kirsebær, kokos med sjokoladebiter, kanel og valnøtt med lønnesirup.

Fruktis: bringebær, pære, plomme og rabarbra.